Av:
midtun
14.03.2010 19:06
Hei!
Tapar vel ikkje so mykje no når 5100R e på kampanje? E jo gått noko ned i pris no.
Komforten e sikkert betre i 6230 premium, men for å vere litt motvekt til dei andre her, tykkje eg den er god i 5100R og. Når det gjeld plassering av eks. hydraulikkuttak og gear, tykkjer eg desse står betre plassert enn på 6030 serien. Hytta er noko mindre, i breidda, men innvendig takhøgde kan det ikkje vere stor forskjell på. Den er i alle fall rikeleg stor til ein person e min påstand, heller ikkje noko problem å ha med seg eks. ein unge på ein arbeidsdag.
No har eg berre so vidt køyrt 6230 pr, so du får ta det med i vurderinga, men me har ein 5100R, og eg dela berre dei intrykka eg fekk når me vurderte desse to før kjøp. me tykte 6230`en var ein kjempe-traktor, men vart for stor og tung. både i forhold til hk, men og tyngda generelt. når fk hadde ein so god traktor som 5100R, som hadde berre to hk mindre enn 6230 pr og var lettare, vart valet enkelt for oss. Men det kjem selfølgeleg an på bruken. køyrer du mykje etter veg, og brukar mykje tung bakmontert reiskap, er nok 6230`en betre :)