Søk
RSS Nyheter
Nyhetsbrev
Abonnere
Redaktøransvar
Redaktøransvar

Profil

spelarjakob

Opprettet: 30.09.2008 19:24
Sist innlogget: 06.01.2012 15:38
Antall innlegg: 107

Brukerens 5 siste innlegg

Re: Linjerydding etter Dagmar (06.01.2012 16:06)

Sitkagrana har sin plass på vestlandet. Den toler godt sjødrev, er rotsterk, og veks godt på dårlegare bonitet enn Norsk gran. Den egnar seg godt til " kantgran ", og toler godt stammekvisting.
I ein høveleg tett bestand vert det fine stokkar , som er velegna som byggematerial.
Eg vert ikkje medreven av professorar i kortbukse som hoppar rundt og snakkar om " pøbelgran ".
At ein ikkje skal plante den alle stader ukritisk er noko anna.
Kraftgater på 50 - 60 meter, er urealistisk. Trur ikkje at kraftselskapa vil betale for den grunn som går med til dette.
Mykje høgspentlinjer er plasserte nettopp i skog og på dyrkamark av rein makelegheit. Grunneigarane har vore for snilde, og det er utnytta.
Gjennomgangslinjer kunne mange stader vore plassert over skoggrensa for den skogen som veks i høgda og er fare for linjene.
Vindfall er iallfall ikkje noko granproblem. Når du har vindstyrke på opp til 60 sekundmeter velter alle slags tre. Dei som ikkje velter vert stammeknekt.
Likevel vil eg ha skogen som vern mot vind og ver, for det utgjer utruleg mykje.

Re: Skader etter Dagmar (30.12.2011 15:51)

Først vil eg nytte høvet til å ynskje alle her på forumet eit GODT NYTT ÅR !
Dagmar var ei temperamentfull dame. Har vore i full sving sidan andre juledag med å reparere og berge.
Har forrige nyttårsorkan godt i minne.
Så til saka: BEDRE GARDSDRIFT bør absolutt fylje opp her. Når så mange som eg trur har fått forsikringsskade, bør BG fylje opp dette om korleis dei enkelte selskapa oppfører seg. Spesiellt om kor mykje trenering og vrangskap som vert utvist mot dei som står til halsen i fjølendar og rot.
Når forsikringskunden har betalt sin premie i alle år, har han etter mi meining krav på hjelp og støtte når skade skjer. Eg kjenner mange som fekk skade på si sjel, overfor forsikringsselskap, på grunn av deira oppførsel, etter orkanen i 92.

Orepinne ( selepinne ) (23.11.2011 19:45)

Skulle så absolutt fått tak i orepinner som var 75 millimeter lange, og også med større tykkelse enn det som er standard.
Er det nokon her på forumet som veit om noko slikt?

Re: dyrke (12.11.2011 16:12)

Kvifor eg gjer ting som eg gjer ? Godt spørsmål, skal prøve å svare. Dyrkingsskuffa mi er laga av Flekkefjord produkter. Fekk den laga med 15 centimeter lenger tenner enn det som er standard. Plasseringa av boltfeste for skuffesylinder kunne vore slik at skuffa opna litt meir, og eg har sett på nokre " agnhald " bak på tennene innvendig i skuffa, slik at stein går lett inn , men blir der om eg rister molda av steinane. Skuffa er solid og god, og toler godt ekstra tannlengd.
Synest gravemaskina står betre på det som er ferdig, og slepp å forarbeide bane for belta. Når du " hakkar " på ein kant framfor , trur eg at det er lettare å finne stein i kanten. Den kjem liksom lettare til syne.
Hovedgrunnen til at eg arbeider denne vegen er vel at eg har ei lita maskin med begrensa rekkevidde. Når eg arbeider framfor, og legg stein bakom til sides, synest eg at arbeidsromet blir betre. Likar å ha litt " albuerom ". Innbiller meg også at oversikta over planeringa vert lettare på " min " måte.

Re: dyrke (11.11.2011 19:25)

Har ei 8 tonns maskin, så framgangsmåten min vert vel deretter. Maskina står på det som er gjennomgreve, og så har eg det som skal dyrkast framføre.
Dersom det ikkje er for mykje stein, legg eg den i rankar for opplessing seinare. Prøver å ta bortkøyringa av stein under gode kjøyreforhold. Prøver å tenke bevaring av matjord og gjennomgang for vatn heile tida. Altså framtidig jordstruktur. Det kan vere sjikt i jorda som er svært tette. Då må ein " skare til " torvene ifrå graveskuffa litt på kant. Sameleis kan det vere sand i grunnen som det kan vere hensiktsmessig å blande inn i overflata. Planeringa som eg også gjer samtidig med dyrkinga, synest eg er best å få til ved denne framgangsmåten.

Brukerens emner med e-post varsel

Ingen e-post varlser registrert