Bertel O. Steen kjøper A-K maskiner
A-K maskiner er ein av dei fire største leverandørane av landbruksmaskiner i landet, med 52 avdelingar og forhandlarar spreidd over heile landet. Hovudkontor og import skjer frå eigne lokale på Kløfta. Selskapet importerer og sel kjente varemerke som New Holland, Case IH, Amazone, JF-Stoll, Orkel, Duun, Husqvarna, Brendrup, TKS og Reime Agri.
Selskapet er eigd av Aage Bryn, men det har i lengre tid vore snakk om at selskapet kan vere til sals. I dag er salet til Bertel O. Steen gjort kjent til tilsette og media, slik Bedre Gardsdrift kunne melde på morgonkvisten.
A-K maskiner A/S hadde ei omsetning på knappe 1,1 milliardar kroner siste år, gjennom import- og avdelingsverksemda si. Dette fordeler seg på 66 prosent på nye produkt, 13 prosent på brukt utstyr, og 21 prosent på deler, rekvisita og verkstaddrift. Totalt omsette A-K-kjeda for over halvannan milliard kroner i 2007.
Bertel O. Steen er eit av landets største service- og handelsselskap. Mest kjent er det som importør av person- og lastebilar av merka Mercedes-Benz, Peugeot, smart®, Daihatsu, Kia, Chrysler, Jeep og Dodge. Bertel O. Steen driv også verkstadkjeden Snap Drive AS.
I tillegg er konsernet involvert i sportsbransjen gjennom Asics Scandinavia AS. Bertel O. Steen Eiendom AS forvaltar store eigedomsmasser, primært i Osloregionen. Bertel O. Steen Industri AS driv sal av dieselmotorar til hurtiggåande båtar, pluss formidling og sal av sikkerheits- og forsvarsmateriell.
Bertel O. Steen- konsernet har ca. 2.400 medarbeidarar og omsette i 2007 for 9,9 milliardar kroner.
Bedre Gardsdrift var på pressekonferansen, og kjem tilbake med meir utover dagen.




Tips en venn